Hardanger Saft og Siderfabrikk

Kvalitetshandverk med lange tradisjonar

Kvalitetshandverk med lange tradisjonar

Hardanger Saft og Siderfabrikk er ein tradisjonell fruktgard med storproduksjon av eplemost og sider. Familiegarden ligg i ei sørvendt helling med beste klimatiske tilhøve for fruktdyrking.

Sider frå Hardanger

Sider er sagnomsust og nær knytt til Hardanger. Hardangersider frå Ulvik er laga etter gammal oppskrft på moderne vis. 

Spontangjæra sider

God og ekte hardangersider har tradisjonelt vert produsert med naturleg gjæring. Denne tradisjonen held me framleis på! Det krev fagkunnskap, riktig utstyr og gode råvarer for eit produkt av høg kvalitet.

Me ynskjer deg velkomen til smakfulle opplevingar i vakre omgjevnader. Les meir om oss her.

Produkta våre

Sidan 2004 har eplemost- og siderproduksjon vore ein viktig del av drifta på garden. Eplesortane Gravenstein, Summerred, Discovery og Aroma er dei viktgaste eplesortane vi brukar i produksjonen.

I 2009 stod brenneriet klart, og eplebrennevin var ein naturleg del av produktutviklinga. Sidan har utvikling av nye produkt skjedd i høgt tempo!

Bestill di oppleving her

Opplev frukt- og siderruta!

Opplev historie, kultur, tradisjon og folket som bur her!