Eplesider - sagnomsust drikk
Dei fleste gardane i Hardanger har si hemmelege oppskrift på ekte hardangersider. Den er kjend for sin distinkte og rike smak, som reflekterer regionen med varme og solfylte somrar som sikrar gode vekstvilkår for epleråstoffet.
Eplesmaken og aromaen vil variere frå produsent til produsent avhengig av kva eplesortar som blir brukte og blandingsforholda mellom dei. Den en gode balansen mellom syre- og sødme er eit sikkert teikn på at det er eple frå Hardanger.
Tålmod smakar betre! All vår sider er spontangjæra, det krever god tid, låg temperatur og god kunnskap. Me ynskjer ikkje å «stresse» sideren, på den måten vert ein belønna med eit komplekst og smaksrikt produkt.
Beskytta geografisk nemning
I 2009 fekk Hardanger Siderprodusentlag beskytta geografisk nemning på “Sider frå Hardanger”. Dette er ein garanti for kvaliteten på produktet og gir forbrukarane tryggleik om opphavet til sideren. Nemninga er og med på å anerkjenna og bevare dei unike kvalitetane og tradisjonane knytt til siderproduksjon i Hardanger. Dette er det første og einaste alkoholhaldige produktet i Noreg med beskytta geografisk nemning.





















