hardangersider-ute

Om oss

Hardanger Saft- og Siderfabrikk ligg inst inne i Hardangerfjorden på fruktgarden Lekve i Ulvik

På Lekve Gard har det gjennom generasjonar vore drive fruktdyrking, og som ein av pionerane i utviklinga av moderne norsk sider, sette i 2004 Nils J. Lekve sin fyrste kommersielle siderdunk. Sideren var naturlegvis spontangjæra, slik tradisjonen har vore gjennom hundrevis av år i Hardanger, og i 2006 selde han si første flaske på Vinmonopolet.

Frå frukt til sider og brennevin

Det har ikkje stått på idéar og nyvinning på Lekve, i dag tel me vel 20 ulike spontangjæra sidrar, og eige brenneri for eplebrennevin og akevitt. Sommarsesongen kan du kome innom i gardsrestauranten på sidersmaking, og Gardsbutikken held ope heile året. No er det Eirik Lekve Eide, 6.generasjon, og Anna Oppedal Tokheim som skal drive tradisjonane vidare på Lekve.

Nils J. Lekve i brenneriet