Eplemost og juice - eple i kvar dråpe
Eplemosten vår er eit 100% reint naturprodukt frå Hardanger. Det er ikkje tilsett sukker, støtstoff eller andre tilsetjingar av noko slag. Eplemosten får søtsmaken sin frå gode, solmogne Hardangereple. Smaken kan variera etter kva sort eller sortar i blanding som vert brukt. I hovudsak er det Gravenstein, Aroma Summerred og Discovery som er brukt.
Solmogne hardangereple
For å sikra ein god kvalitet på eplemosten, brukar me berre godt utvikla eple. Innhaustingsesongen er frå august til oktober, der alle epla vert hausta for hand. Etter innhausting vert eple vaska, pressa, og grovfiltrert. Dette gjer at mest mogleg av smak og næringsinnhald vert teke vare på. Omlag 70 prosent av eplet vert omgjort til most, resten går til dyrefór.





