Loven set norsk sider på sidelina

AV ARNE HOFSETH

Ei lovendring gjer det mogeleg for privatpersonar å tinga alkohol direkte frå utlandet via internett. Norsk sider kan berre kjøpast på Vinmonopolet.

Lovendringa frå 1. juli gir einkvar nordmann høve til å tinga vin frå utlandet på internett, og få flaskene levert på døra heime.

Norske siderprodusentar må kryssa fingrane og vona at Vinmonopolet vil forhandla sideren deira.

Vareopplysning på internett vert dessutan effektivt stoppa av lovforbodet mot alkoholreklame. Berre Vinmonopolet har lov til slikt. Nils J. Lekve ved Hardanger Saft—og Siderfabrikk i Ulvik prøvde seg, men fekk påpakning frå styresmaktene, med grei melding om å fjerna alkoholreklamen frå internettsidene sine. Krune AS (tidlegare Kalfaret Kultur i Bergen) har plassert alkoholreklamen på passordsikra område av internettsidene.

Venstre vil ha endring

– Eg vart merksam på diskrimineringa under eit opphald i Italia. Eg fall for ein vin i Toscana, og undersøkte korleis eg kunne få heim fleire flasker enn den vanlege reisekvoten, seier Lars-Henrik Paarup Michelsen.

Han er andrekandidat på Hordaland Vestre si stortingsliste.

– Det er heilt ubegripeleg at Senterpartiet og dei andre i regjeringa kan diskriminera siderproduserande bønder på denne måten, seier Michelsen, opphavleg frå Austevoll.

– Det er heilt på trynet, istemmer siderbonde Nils J. Lekve. Han er fortørna over at dei same regjeringspartia som avviste Lars Sponheim sine framlegg om lempelegare vilkår for lokale siderprodusentar, no kan tillata import av vin og sider for kvarmann.

– Med denne opninga er ikkje Vinmonopolet tett lenger, og det har oppstått ein ny situasjon, i vår disfavør, understrekar han.

Treng heller fordel

Lars-Henrik Paarup Michelsen krev no lovendring som sikrar norsk sider og utanlandsk vin meir like vilkår. Småskala-produksjon vil han gje fordel i form av lågare alkoholavgift.

Framlegget har desse elementa:

• La lokale produsentar få informera om sine alkoholhaldige produkt på internett, slik Vinmonopolet har lov til.
• Tillata demonstrasjonssal og servering ved vitjing i produksjonslokala, til dømes turistar.
• Automatisk rett til prøvesal gjennom Vinmonopolet.
• Endra alkoholavgifta slik at dei første 4000 literane årleg blir avgiftsfrie, medan avgiftene aukar ved større volum. Uendra inntekter for staten.

Avvist før

– Er ikkje dette ganske likt Venstre-framlegget som leid nederlag sist, trass iherdig innsats også av Rune Skjælaaen i Sp?

– No er situasjonen ein heilt annan, sidan det er opna for individuell import, og dermed høve til å tinga utanlandsk vin og sider via internett, seier Michelsen.

Tollvesenet stadfester at ny ordning for alkoholimport til privat bruk gjeld frå 1. juli i år.
Aldersgrensa er 18 år for øl og vin, med opp til 22 prosent alkohol, og 20 år for brennevin.

Det er ikkje fastsett øvre grense for kor mange flasker du kan importera, men styresmaktene kan setja foten ned når mengdene blir så store at det opplagt er til meir enn eige bruk. Einaste restriksjonen er at speditøren, den som fraktar flaskene til deg, til dømes

Posten, er registrert for dette i Helsedirektoratet.

Endring uaktuelt

– Det er ikkje aktuelt for departementet å revurdera dei nye reglane no, seier seniorrådgjevar Hans-Petter Fagerli i Helse- og omsorgsdepartementet.

Ingen har teke initiativ til å endra andre reglar for å bøta på ulempene som norske småskala øl- og siderprodusentar no meiner å ha fått.

Men Fagerli fortel at Vinmonopolet er i dialog med Små alkoholprodusenters forening.

Dei har hatt eit møte med foreininga for å informera om kva som er mogeleg innanfor dagens system.

Les meir

Ulvik: Saft suse!

Min lille turne I Hordaland bragte meg til Ulvik I går. Bygdens mest kjente Innbygger er Lars Sponheim, og han er Jo Ikke særlig glad I SV. Det til tross, I Ulvik har faktisk Venstre ordføreren (Mona Hellesnes) og SV varaordfører, Gunnbjørg Øyre. Og Jammen samarbeider de Ikke om en hel del fornuftige saker, også. Og ryktet vil ha det til at Ulvik SV I sin tid hjalp Lars S. til å bli ordfører …

Jeg hadde en super dag med mine partifeller I bygden I går. VI diskuterte landbrukspolitikk, siden det er mange aktive småbrukere blant medlemmene våre I Hardanger og besøkte stiftelsesmøtet til Hardanger Ungdomsråd. Dessuten møtte Jeg ordføreren for å få presentert kommunens viktigste prosjekt: et nytt rehablllterlngssenter. I dag sendes mange pasienter fra Hordaland til Østlandet, fordi vi har mangel på rehablllterlngsplasser vestpå. Det er Jo meningsløst.
Ekstra kult var det å besøke NIis LekVe, på LekVe Gard. Han har startet en Saft- og siderfabrikk på familiegården. Han selger fantastisk eplesaft, og har fått sideren sin Inn på polet. Nå er han I gang med å tappe eplebrennevin på elkefat, så snart får Ulvik sin lokale utgave av Calvados også. En hyggelig prat, en god prøvesmak på saften (sparer sideren til etter arbeidstid) og en viktig ting å huske: Altfor ofte møter Jeg driftige folk som NIis LekVe, som skaper nye verdier I distriktene og møysommelig bygger opp en liten forretning, og hører at de møter Irriterende hindringer I form av offentlig byråkrati og skjemavelde.

LekVe har for eksempel gått gjennom paplrkVernen med tolv ulike skjema, for så å få en regning på 37 kroner I avgift på produktene sine. All skjemaskrivingen koster nok både LekVe og det offentlige langt mer enn de usle 37 kronene. GrOnderen på LekVe Gard hadde flere eksempler, og Jeg synes vi på venstresiden ofte har hatt for lite fokus på å kritisere slikt. Målet er Jo at det offentlige er en hjelper for små bedrifter, I stedet for å framstå som en plage. Riktignok gjorde den borgerlige regjeringen, som har snakket om dette I årevis, fint lite da de hadde sjansen. Desto større grunn til å gjøre det bedre!

Les meir

Nei til nettsider om eplesider

Nils J. Lekve i Ulvik får skryt av Innovasjon Norge for nettsida om sider. Men Sosial—og helsedirektoratet meiner det er ulovleg alkoholreklame.
Siderprodusenten er fortørna, og vil klaga på brevet frå direktoratet.
— Dette heng ikkje saman, seier Lekve til Bergens Tidende.

På sider-sidene vert alkoholhaldig drikke profilert med fleire bilete av flasker med Hardanger Sider og omtale av produktet, påpeikar Sosial- og helsedirektoratet. Dette er i strid med alkohollova. Direktoratet krev at Lekve innan 15. januar stadfester at nettsidene er retta i samsvar med reglane om alkoholreklame.

Unntak for Vinmonopolet
Direktoratet minner om at dei kan gjera vedtak om tvangsmulkt om nettsidene ikkje vert endra. AV ARNE HOFSETH.

Les meir

Sprudlande Hardanger i stetteglas

Omsider omsider til våren ein gong, eller ørlite seinare, hadde sideren i ståltankane på Lekve putra seg ferdig under gjærlåsen. I juli får Hardangersider frå Ulvik omsider hylleplass på Polet.
– Sideren er litt uberekneleg slik. I ein tank var han utgått i månadsskifte april-mai i fjor. Ein annan var ikkje ferdig før i juli, seier Nils Lekve til Bergens Tidende. (Arne Hofset. Rune Sævig- foto. Bergens Tidende)

Les meir

VANT KÅRING: Beste sider iHardanger

Nils J. Lekve (49) stakk i helgen av med seieren for beste sider under Frukt og Siderfestivalen i Øystese.

Lekve og «Hardanger Saft og Siderfabrikk» stakk av med seieren etter skarp konkurranse fra siderprodusentene i de seks andre Hardangerkommunene.

Lekve er en av de få som driver kommersiell produksjon av hardangersider, og bedriften setter nå alle kluter til for å løfte den sagnomsuste drikken fra «Norges fruktfat» fram i lyset. I fjor tok han i bruk et flunkende nytt produksjonsanlegg til 2 millioner kroner på Lekve Gard.

En striks alkohollov og et til tider stivbeint regelverk for småskalaprodusenter stopper ikke den entusiastiske Ulvik-gründeren. FOTO: LARS ARVID OMA

Les meir

Ulvikbonde satsar friskt på saft og sider

Han er ikkje skvetten av seg, Nils Lekve (48)i Ulvik. Som fruktbønder flest, har han laga sider så lenge han kan hugsa. Men no vil han gjera næring av det!

Hardanger saft og siderfabrikk heiter nysatsinga. Laurdag var det offisiell opning av anlegget, som ligg på Lekve gard i Ulvik. Som snorklyppar hadde han henta inn sjølvaste matministeren, Lars Sponheim.

Les meir